Mandag 16. august

Cached versjon uten reklame og andre nyhetspekere.

Originalen er her.














barn og unge


Skule for særs intelligente barn




 SKOLESTART:
No er det skulestart over heile landet:
• Vel 430.000 gutar og jenter skal gå eitt år på barneskulen.
• Vel 180.000 tenåringar skal ta eit år på ungdomsskulen.
• Vel 160.000 eldre tenåringar skal gå på vidaregåande skule.
Vårt Land vil i ein serie setje søkjelys på ulike sider av norsk utdanning.
I dag opnar Mentiqa, Danmarks første skule for særs evnerike barn. - Eg ser behovet for slike skular også i Norge, seier Martin Ystenes, far til to gutar som ikkje fann seg til rette i den offentlege grunnskulen.

Bjørgulv K. Bjåen
bjbj@vl.no


Dagleg leiar Pernille Buch-Rømer, som sjølv har to barn som ikkje fann seg til rette i den danske folkeskulen, understrekar at Mentiqa ikkje er ein eliteinstitusjon som skal framelske unge geni. «Mentiqa - Skolen for barn med særlege forutsætninger» skal få ei spesiell gruppe barn til å trivast betre på skulen enn det dei gjer i dag, forklarar ho.

- Eg ser behovet for slike skular også i Norge, seier Martin Ystenes, far til to gutar som ikkje fann seg til rette i den offentlege grunnskulen. No går dei på privat grunnskule i Trondheim.
Mentiqa er etablert fordi ei gruppe danske foreldre tok konsekvensen av at den statlege folkeskulen ikkje evna å kome opp med gode nok tilbod til barna deira:
Dei har etablert ein privat grunnskule for svært evnerike barn. I dag er det opningsfest på privatskulen som ligg i Lyngby ved København. Namnet Mentiqa er sett saman av ordet mental og forkortinga IQ.

Lærarsvikt.

- Det beste hadde sjølvsagt vore om det norske skuleverket hadde klart å ta vare på spesielt intelligente barn, gje dei faglege utfordringar og sosial tryggleik. Dessverre er det slik i dag at barn går til grunne i grunnskulen fordi dei er særs evnerike. Nokre lærarar evnar ikkje å sjå at dei har elevar som treng større utfordringar enn den store gruppa, andre meiner spesielt intelligente barn ikkje treng «spesialbehandling», seier Martin Ystenes til Vårt Land.
Professoren ved Norges teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim er opprørt over at samfunnet ikkje kan gje desse barna betre tilpassa utfordringar. Han fortel at desse barna i staden blir gåande å kjede seg, og i mange tilfelle endar det opp med at barna gøymer unna intelligensen sin for å bli godtatt av jamaldrande og skulen.

Trivsel.

Dagleg leiar på Mentiqa, Pernille Buch-Rømer, har saman med eit nettverk av andre foreldre med særs evnerike barn planlagt privatskulen i snart to år. Mentiqa har plass til 144 elevar. Frå og med i dag tilbyr skulen undervisning på trinna 1. til 7. Neste år tilbyr skulen ein åttande klasse medan niande klasse kjem i 2006.
Går det som den lærarutdanna skulegründeren vonar, vil Danmark få to Mentiqa-skular til innan 2007, ein i Odense og ein i Århus.

Open.

- Eigne grunnskular for dei mest evnerike barna ikkje er noko Norge bør streve etter, men vi skal heller ikkje stikke kjeppar i hjula for foreldre som vil bruke pengar på å etablere slike skular, meiner Høgres Søren Fredrik Voie, nestleiar i Stortingets utdanningskomité. Han seier at skuleverket i dag er merksame på at nokre elevar treng større utfordringar og at lærarar skal gje desse elevane betre oppfølging.
Martin Ystenes er sterkt usamd:

- Likskapstanken står så sterkt i Norge at mange spesielt intelligente barn slett ikkje vil få betre tilbod. Norske lærarar lærer lite eller ingenting om dette. Mange foreldre som er i same situasjon som meg har opplevd å bli møtt med hånlatter når dei har spurt kva tilbod skulen har til deira barn som treng noko ekstra.
Ystenes meiner er eit stort paradoks at skuleverket legg til rette for toppidrettsgymnas som gjev skuletilbod til dei flinkaste:
- Men når det gjeld grunnskulen skal alle vere like. Særs flinke barn skal til dømes ikkje få undervisning i grupper saman med likesinna. Dette blir heilt feil.


Sist endret: 13. August 2004 13:00